80-tals-helt til Osfest
Elton John har kalla han den beste tekstforfattaren i sin generasjon. I sommar skal osingar få høyra nokre av Nik Kershaws store hits når han kjem til Osfest.
- Det er kult å få ein av dei gamle heltane til Osfest, seier primus motor for Osfest, Ole Reinert Berg-Olsen, og held fram:
- Kershaw har gått frå å vera ein 80-tals fløtepus til ein solid live-entertainer, så på ein måte er det nesten betre å oppleva han live no enn i storheitstida. Det er nok mange som har sterke tenåringsminne knytt til låtane hans. Me håpar at publikum skal få fram desse minna med han på scenen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slo gjennom på 80-talet
Nicholas "Nik" David Kershaw (58) frå Bristol slo gjennom på 80-talet, med hits som I Won´t Let the Sun Go Down on Me, Wouldn´t it Be Good og The Riddle. Frå 1984 til 1989 gav han ut fire album. Det same året tok han ein pause frå rampelyset for å fokusera på songskriving og produksjon. I løpet av dei neste ti åra jobba han saman med kjende namn som Cliff Richard, Bonnie Tyler, Lulu, Ronan Keating, Jason Donovan, Nick Carter og mange fleire.
Det førebels siste albumet
I 1998 kom det femte albumet i rekkja, og sidan millenniumskiftet har det kome ytterlegare fire album.
I 2012 sleppte han albumet, «Eight», som førebels er det siste i rekkja. Sjølv om det eigentleg er hans niande album, reknar artisten det sjølv for å vera det åttande.
- No Frills er 90 prosent gamle songar. Songane er berre ulike akustiske versjonar av desse låtane, skriv han på heimesida si.