2 x Jordal
Billettane til framsyninga Førstereis med Helge Jordal vart rivne vekk. No vert det ekstraforestilling.
Den opphavlege framsyninga er søndag 25. oktober. No får publikum ein ekstra sjanse, laurdag 24. oktober.
Helge Jordal har spilt Førstereis for utselde hus over ein lengre periode, og kritikarane har vore svært positive.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førstereis tar utgangspunkt i den store sjøfartstida i Noreg etter andre verdskrig. Ein epoke då redninga for mange unge menn låg i høvet til å dra til sjøs.
Handlinga dreier seg kring guteheimsbornet Martin som rømmer til sjøs.