VG: Ap, Frp og Sp går saman for å få utvida kompensasjonsordninga
Regjeringa foreslår å utvida kompensasjonsordninga til næringslivet i to månader. Ikkje nok, meiner opposisjonen.
Framstegspartiets nestleiar Sylvi Listhaug stadfestar overfor VG at Frp, Ap og Sp går saman for å sørgja for at ordninga blir utvida ytterlegare.
– Vi skal no behandla saka, men for å sikra føreseielege tilhøve både for bedriftene og dei tilsette, så er ei forlenging til 1. juli eit minimum. I tillegg er det nødvendig å forbetra ordninga gjennom å auka kompensasjonsgraden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner det er sjølvsagt at ordninga må utvidast.
– Dei har stengd ned heile Noreg; to månader er berre eit blaff. Denne krisa vil vera reell òg om to månader. Derfor viser regjeringa no at ho igjen er bakpå med å ha ein god bodskap for korleis økonomiske og sosiale ordningar skal samordnast med smitteverntiltaka, seier Ap-leiar Støre til avisa.