VTS med melding til politiet måndag morgon: Køyretøy snudde ved Skogafjellstunnelen
Hendinga er fanga på video.
Måndag morgon klokka 08.10 fekk politiet melding frå Vegtrafikksentralen (VTS) om eit køyretøy som hadde snudd i Skogafjellstunnelen.
Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser i ein e-post at køyretøyet kryssa fire felt og køyrde i retning Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få tak i politiet måndag.
Det blir vidare opplyst at det er oppretta sak, at hendinga er fanga på video, og at det skjedde klokka 08.07.
Oppdatert: Anne Lyssand opplyser i ein ny e-post at køyretøyet snudde ved Skogafjellstunnelen og ikkje i sjølve tunnelen.