Med styring i for høg fart?
Framfor alt må våre lokale styringsparti gjennom dei siste 20 åra - Frp og Høgre - ta eit hovudansvar for at vi er komne der vi er med den krevjande kommuneøkonomien i 2023.
Ein månad før valdagen kjem det nesten dagleg nye valløfte ned i postkassa mi. På framsida til kvar si brosjyre smilar parhestane Terje Søviknes og Marie Bruarøy til oss slik dei har gjort til oss på Os-sida av Bjørnafjorden i meir enn 20 år. Terje vil ha fart på kommunen, medan Marie meiner tida er inne for å ta styring slik dei to har gjort det i dei 20 åra før siste val, men òg slik dei delvis har styrt med økonomien i siste periode.
Det som rir Bjørnafjorden kommune i dag er i første rekkje ein utfordrande økonomi. Årsakene er nok mange, men ikkje minst ei overoptimistisk kommunal leiing gjennom den lange perioden Terje og Marie har regjert.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å vera meir konkret kan eg nemna:
- Sal av aksjane våre i BKK
- Tropehagen på Luranetunet
- Oseana
- Bølgjebrytarane i Os hamn
- Kloakkrenseanlegget i Liafjellet
- Baldakinane i sentrum av Osøyro
- Deltaking i eksperimentet Statleg finansiering av eldreomsorga (SIO)
Artikkelen held fram under annonsen.
Rett nok har det ikkje vore registrert stor motstand frå opposisjonen eller kommunedirektøren når desse ikkje-lovpålagde prosjekta har vorte banka gjennom. Og kvar for seg er det mykje positivt å seia om dei fleste av desse “prosjekta”. I sum er det likevel blitt for mykje for kommuneøkonomien å takla på kort tid.
Framfor alt må våre lokale styringsparti gjennom dei siste 20 åra - Frp og Høgre - ta eit hovudansvar for at vi er komne der vi er med den krevjande kommuneøkonomien i 2023.
Terje sin medisin er å få fart på kommunen. Er ikkje årsaka til problemet at kommunen i ei årrekkje har køyrt både fortare enn tilhøva tillet og i mange høve fortare enn fartsgrensa?
Er i så fall meir av det same rett medisin?
Marie vil ha meir styring. Ho har vel hatt minst den eine handa på rattet dei mange åra ho har vore aktiv i kommunepolitikken?
Med høg lånegjeld vert kommunen straffa når lånerenta stig til eit meir normalt nivå. Som innbyggjarar merkar vi effekten både gjennom innstramming av budsjetta til skulane og eldreomsorga, og at Bjørnafjorden har nokre av dei høgaste kommunale avgiftene i Vestland fylke.
Den viktigaste oppgåva for Bjørnafjorden kommune i åra som kjem, blir å arbeida for at aust- og vestsida av kommunen vert bygd saman med bru over Samnangerfjorden.
Løysinga av denne oppgåva skal i utgangspunktet ikkje belasta kommuneøkonomien negativt, snarare tvert om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hadde Frp og Høgre lokalt dei siste 10 åra arbeidd like entusiastisk for E39 langs indre lei som for bru over Bjørnafjorden, ville vi venteleg vore langt nærare ei løysing på denne store oppgåva.
Oppsummert skulle vi sidan århundreskiftet gjerne ha sett ei fastare og meir ansvarleg politisk styring som ikkje hadde ført oss der kommuneøkonomien er no. På valdagen bør kvar og ein av oss tenkja etter om det er meir av det same vi treng i åra som kjem.
Egil Haugland
Venstre-veteran