Sperrevikvegen: Tuva Skulstad Grytdal kom tilfeldigvis syklande forbi i det ordførar Trine Lindborg klipte snora på det nye fortauet. Øyvind Bertelsen (bak) og Paul Drageset frå utbyggar Sperrevikvegen AS. To karar frå Lekven Entreprenør AS lengst til høgre.

Opna nytt fortau: — Her kjem grunnen til at det er laga

Tuva Skulstad Grytdal (11) kom som bestilt då ordføraren klipte snora på det nye fortauet i Sperrevikvegen.

Trine Lindborg stod med saksa i neven og skulle til å klippa den raude snora, då 11 år gamle Tuva Skulstad Grytdal kom syklande ned bakken mot Pøylo i Lysefjorden.

— Det passa bra. Her kjem grunnen til at dette er bygd, smilte Lindborg i retning Tuva, før ho spurte om ho ville ha kake.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sjølvsagt skulle dei feirast, dei 800 metrane med fortau langs Sperrevikvegen og opp Lyseklostervegen til Fiskarhaugane.

Attpåtil vart fortauet opna dagen før fyrste skuledag, 17. august. Noko rektor Lars Tore Johannessen var glad for.

— Fortauet gjer det lettare for dei av elevane våre som går til og frå skulen. Det vert også tryggare for alle som går og syklar til skuleområdet på ettermiddagen. Når vegen står heilt ferdig, treng dei ikkje lenger å bli køyrde av foreldra sine, seier han.

Enn så lenge står eitt parti på vegen att utan fortau, nemleg brua over Pøylo.

Lars Tore Johannessen er rektor på Lysekloster skule, og svært glad for at mange elevar får ein tryggare skuleveg.

Ny gangbru kjem i neste byggetrinn, og her er det vegeigar Vestland fylkeskommune som har regien.

— Eg purra på fylket seinast i går for å spørja kor tid det blir byggjestart, men enno er mange på ferie, så eg har ikkje noko svar å koma med, sa Lindborg.

All den tid det siste stykket ikkje er på plass, kan ikkje vegen erklærast «trygg». Difor blir det enn så lenge bussing til og frå skulen som før.

Trine Lindborg hadde ikkje vore ordførar lenge, før pådrivarar for trygg skuleveg byrja å besøke kontoret hennar. — Eg er veldig glad for det som i dag er ferdig, sa ho.

Før og etter

Det er ein lang kamp som no er krona med siger for folk i Sperrevikvegen. Os & Fusaposten har skrive tallause reportasjar om foreldre som fryktar for tryggleikene til borna sine langs den trafikkerte vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har kjempa i tolv år: Fryktar for tryggleiken til borna - følgjer dei til bussen
Les også
Trygg skuleveg: – Dette har eg kjempa for kvar dag sidan eg blei ordførar – endeleg skjer det noko
Les også
No er alt klart for å starta med utbetring av Sperreviksvegen

Her kan du sjå bilete av før og etter det nye fortauet:

Sperrevikvegen ned mot Pøylo.
Den nye vegen opp til Fiskarhaugane er førebels ikkje heilt ferdigstilt.
: Sperrevikvegen frå Pøylo og opp bakken.

Trygg veg til bussen

Trebarnsfar Filip Unfors bur i Sperrevikvegen og er styreleiar i Nordstraumen grunneigarlag. Han er glad for at det nye fortauet stod klart til seksåringen hans har sin fyrste skuledag i morgon.

Styreleiar: Trebarnsfar Filip Unfors er styreleiar i Nordstraumen grunneigarlag.

— Og så er vi veldig glade for at det har kome nye gatelys langs vegen. Mange tenåringar har musikk på øyrene og mørke kle når dei går til og frå busstoppet ved Pøylo. No vert dei langt meir synlege for bilistane, seier han nøgd.

Kake:Styremedlem i Sperrevik AS, Eva Drageset, delte ut rause marsipankakestykke. Far og kompanjong Paul Drageset til høgre i biletet.

Også utbyggjaren Sperrevik AS, som har betalt det meste av dei 14 millionane prosjektet har kosta, stilte med fleire blide representantar.

— Dette funkar! Eg er så stolt av at det er på plass. No håpar eg berre det kjem nokon på sykkel eller med barnevogn her, smilte styremedlem Eva Drageset før ho serverte rause marsipankakestykke til arbeidsfolket i Lekven Entreprenør AS.

— Vi har brukt lokale entreprenørar og lokal arbeidskraft, noko eg er veldig glad for.

Også Sperrevik Elektro har delteke i arbeidet.

Etter kakepausen skal arbeidsfolka i Lekven Entreprenør AS på arbeid i Lysehagen-feltet nokre hundre meter unna.

Bjørnafjorden kommune har bidrege med ein million kroner til prosjektet. At det kom ny gangveg, var eit vilkår for at Sperrevik AS skulle få byggja ut meir enn 100 nye einebustadtomter i «Lysehagen»-feltet i Sperrevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi har fått mykje hjelpe frå tre ordførarar, Terje Søviknes, Marie Bruarøy og Trine Lindborg. Eg vil også takka for godt samarbeid med kommunens administrasjon og for tverrpolitisk støtte, sa styreleiar Øyvind Bertelsen.