Politi: Patruljen besøkte mannen to gonger torsdag kveld.

Fekk pålegg om ro fram til klokka 8 neste dag. Så skal han ha blitt ufin.

Mannen i 50-åra fekk to besøk av politiet torsdag kveld.

Kvart på ti torsdag kveld fekk politiet melding om støy, moglegvis høg musikk, frå ein bustad nord for Os sentrum.

Politiet kom til staden og gav pålegg om ro fram til klokka 8 neste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 23.02 fekk politiet melding om at pålegget ikkje var følgt, og patruljen drog då tilbake til staden.

Sak for brot på pålegget vart oppretta. Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser vidare at personen dei snakka med, ein mann i 50-åra, var lite samarbeidsvillig og ufin mot patruljen.