Ung biltjuv: Bilen vart observert i Rådal med mindreårige ombord.

Stolen bil frå Os vart funnen att i Fana med 17-åring bak rattet

Bilen vart stolen frå Os på måndag.

Politiet melde på Twitter at den stolne bilen vart observert i Rådal i halv seks-tida torsdag ettermiddag.

Det skal då ha vore mindreårige i bilen, men bilen forsvann vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilen vart igjen observert klokka 18.50, og 25 minutt seinare melde politiet at dei hadde kontroll på bil og førar.

Føraren er 17 år. Det vert oppretta sak.