Alt var feil då MC-føraren vart stoppa i kontroll
I tillegg har UP brukt helga til kontrollar på Halhjemsvegen.
Både fredag og laurdag stilte UP seg opp med laseren på Halhjemsvegen.
Fredagen delte dei ut 10 forenkla førelegg for fart. Høgste fart vart målt til 90 km/t. Det betyr at føraren må ut med kr 6.700.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein mannleg MC-fører i 30-åra vart laurdag stansa for kontroll nord for Os sentrum.
I tillegg til at mannen ikkje hadde gyldig førarkort, er det også mistanke om ruskøyring. Politiet har oppretta sak.