Porsche og to mopedar skal ha råkøyrt i 30-sona
Politiet ber vitner til hendinga ta kontakt.
Onsdag kveld litt etter klokka 23 fekk politiet melding om at ein Porsche og to mopedar skal ha råkøyrt på Sperrevikvegen i Lysefjorden.
Kvinna som melde frå, skal fyrst ha blitt merksame på dei tre køyretøya på toppen av Fanafjellet. Sjølv køyrde ho i retning Lysefjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter ei stund vart ho innhenta av Porschen og begge mopedane som alle skal ha råkøyrt forbi henne i Sperrevikvegen i 30-sona.
— Kvinna fekk dessverre ikkje tak i kjennemerke på køyretøya. Politiet er interessert i opplysningar frå hendinga og ber vitne ta kontakt, seier politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.