Barnas Kulturhus: Det trengs fleire lokale med ei rimeleg leige og fleksibel bruk.

Tenk å ha eit Barnas Kulturhus på Osøyro

Kan bli eit hus som kan vere i drift 24 timar i døgnet.

Det er trist å sjå kor lang tid denne Fjellheim-prosessen har tatt. Den innhaldsrike og flotte bygningen burde vore tatt i bruk for lenge sidan. Bevar Fjellheim, som nyleg har vore på synfaring i huset, fortel at det ser heilt fint ut sjølv om straumen er stengt av i andre etasje.

Eg ser Fjellheim som eit bygg der det kunne blitt skapt rom for gjensidig inspirasjon, kreativitet, kompetanseutvikling og kunnskapsoverføring som kan vere eit viktig supplement til Oseana, som ikkje har plass til alt og som heller ikkje er like eigna til alt. Kvifor ser ikkje fleire verdien av dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjellheim kan bli eit hus som kan vere i drift 24 timar i døgnet. Eit lågterskel kulturhus i den forstand at det må kunne famne om alle, uavhengig av økonomi.

Det kan vere kontorplassar, aktivitetar for barn og unge i tillegg til produksjonslokale. Det kan skape fantastiske samarbeidsmoglegheiter og synergieffektar mellom barn, unge, amatørar og etablerte kunstnarar. Slik kan ein løfte heile feltet med synleggjering av omfang og kvalitet.

Fjellheim kan

• gi rom for utvikling av barn og ungdom sin kreativitet og vise det mangfaldet som finst.

• gi scenekunstmiljøet i Bjørnafjorden moglegheit til å vise seg fram til langt fleire og til å vidareutvikle idear og prosjekt som har stor betydning for kulturlivet i kommunen

• ta vare på Bjørnafjorden sine frie scenekunstnarar i staden for å sende dei ut av kommunen i mangel på øvings- og produksjonslokale.

• synleggjere eit mangfaldig, profesjonelt, nyskapande og dedikert scenekunstmiljø.

• gje positive ringverknader gjennom eit tett samarbeid mellom næring og kultur.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bergen arbeidde eg i over 20 år på VT mellom 1995 og 2016. I løpet av dei åra flytta organisasjonen seks gonger. Det var krevjande å finne lokale som kan dekke alle aktivitetane, som er lett tilgjengelege og som kan finansierast. Plutseleg kom ideen og planane for Cornerteateret.

Behovet for å få etablert eit teaterhus for barn og unge, amatørar og det frie scenekunstfeltet i Bergen, hadde vore til stades lenge. Cornerteateret representerte eit viktig tilskot til kulturlivet og skulle i alle ledd bli ein open og inkluderande møteplass.

Cornerteateret var eit av dei første større industribygga som blei oppført på Marineholmen i samband med verftsindustrien som vart etablert på slutten av 1800-talet. I dag er det einaste gjenverande bygg frå eit viktig århundre ikkje berre for lokalmiljøet, men for heile fylket. Huset er freda og ligg som næraste nabo til BI-bygget.

At nettopp dette huset blei teaterhus og representant for eit levande og kreativt miljø, med brukarar i alle aldrar, gav heile området nye impulsar.

Då restaureringa og ombygginga starta, var det nærast falleferdig. Målet var at dette skulle bli både eit løft for bydelen og for det frie scenekunstfeltet. Dette vart realisert med støtte frå eigar GC Rieber og Kulturrådet og med ein positiv kommune.

Litt slik som Litteraturhuset i Bergen, vart det satsa på fleirbruk, på privat engasjement og offentleg stønad. Det vart sikra ein historisk kontinuitet som vart ein viktig identitet for bydelen.

Inntil då hadde det ikkje eksistert ein felles arena der samspelet mellom barne- og ungdomsteater, amatørteater, det frie profesjonelle miljøet, musikk og dans kunne vidareforedlast.

Med Cornerteateret vart det etablert nye møteplassar for ulike miljø og publikum. Her kunne ein vidareutvikle og etablere ein arena for moglege samarbeidsprosjekt og utvikle produksjonar på tvers av miljøa; profesjonelle skodespelarar, dansarar, manusforfattarar, komponistar og musikarar saman med barn, unge og amatørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitetane huset skulle fyllast med, signaliserte samarbeid. Ulike miljø held til i huset på permanent basis. Andre nyttar scenefasilitetar og prøverom i periodar. Ut frå dette har det også kome samarbeidsprosjekt der ein kombinerer profesjonelle scenekunstmiljø med barn, unge og amatørar.

Gjennom samarbeidet med Proscen, som representant for scenekunstfeltet på Vestlandet og VT, vart viljen til å tenke vidt i oppbygging av denne arenaen, stadfesta. Cornerteateret blei arenaen der barnefamiliar, ungdom og vaksne kunne oppleve byen sitt frie scenekunstmiljø og ta for seg av tilbod innan barne- og ungdomsteater eller framsyningar retta mot eit vakse publikum.

Det har seinare vore i bruk til både utstillingar, danseframsyningar og konsertar. Det er eit produksjonslokale og har husa fleire ulike festivalar både i og utanfor bygget. Blant anna Bystrandfestivalen som tidlegare var Osfest.

Dette kan ein få til på Osøyro også! Det har ikkje vore mangel på entusiasme då Osbadet og Oseana såg dagens lys. Det var vel ikkje gratis, det heller?

Øving- og produksjonslokale er mangelvare. I haust får Teaterfrø UNG låne lokale i Halhjem barneskule gratis. No er busstilbodet til Halhjem betre enn før, men likevel er det ikkje ei optimal plassering av fritidsaktivitet for barn og unge frå heile kommunen.

Undervisninga vert lagt opp slik at elevane i løpet av hausten begynner å jobbe med ein produksjon som vert vist på våren. Dette blir eit årsprosjekt, som kan bli større og meir permanent, dersom det kjem inn ekstern støtte som foreldregruppa arbeider for.

Dei siste åra har Os barne- og ungdomsteater vist avslutningsframsyningar med gruppene i Symrasalen på Nore Neset. Desse lokala er mykje i bruk og det kan vere vanskeleg å finne tider som passar. Barne- og ungdomsgrupper kan ikkje rekne med å få inn høge billettinntekter på ikkje-kommersielle produksjonar, så om me skal leige Oseana, må det reknast inn eit stort tap pga. høge leigekostnader.

Når ungdomsgruppa har delteke i DUS, (den unge scenen) på Den nasjonale scene, eller no i år på Det Vestnorske Teatret, har dei berre fått spele éi framsyning lokalt før festivalen. Dette er lite, etter så mykje arbeid. Men det er ikkje mogleg å finansiere meir med ei leige av scene og teknisk hjelp. Det trengs fleire lokale med ei rimeleg leige og fleksibel bruk. Tenk å ha eit Barnas Kulturhus på Osøyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg reiser rundt og held kurs i formidling i løpet av året. Eit kurslokale på Os, ville gitt meg moglegheit til å spreie kunnskapen lokalt i større grad. Eg ønskjer også å kunne utvikle produksjon av teater for og med barn og unge.

Like viktig er familieframsyningar der vi set saman eit ensemble beståande av vaksne profesjonelle skodespelarar, vaksne amatørteaterskodespelarar samt barn og ungdom frå Teaterfrø UNG. Planlegging og utvikling av slike produksjonar ville fått gode vilkår i eit hus som Fjellheim.

Det kunne vore fast laurdagstilbod for barn, noko som det ikkje er lokale til per i dag. Det er mange kunstnarar som held til i Bjørnafjorden og som kunne ha løfta fram kreativiteten sin i lag i eit slikt bygg som Fjellheim.

«Kultur bygger samfunn» er namnet på fylket sin regionale plan for kultur 2023-2035.

Alle kommunar i Vestland skal utvikle ein kulturpolitikk som er tilpassa den enkelte kommune sine behov og potensial. Er Bjørnafjorden bevisst på dette? Skal Vestland utvikle seg som leiande kulturregion, må kommunane styrke kulturpolitikken sin til beste for det lokale kulturlivet, for frivilligheita, dei profesjonelle og institusjonane.

Dette er kanskje den første regionale kulturplanen som har berekraft som grunnleggande perspektiv. Berekraftsmål 17, Samarbeid for å nå måla, er dermed av dei viktigaste. Eit hovudprinsipp er at ingen skal utelatast. Å satse på kultur fremjar dette.

Frøydis Flotve

Teaterfrø

Artikkelen held fram under annonsen.