Politiet varslar at det er gitt løyve til skadefelling av grågås.

Klart for gåsejakt på desse to stadane

Det er gitt løyve til skadefelling av grågås dei komande to vekene.

Politiet opplyser onsdag at det vil bli skadefelling av gås på Moberg rundt Ulvenvatnet sør for E39 og Reset på Haugland. Løyvet gjeld frå tysdag denne veka til og med 10. august.

I desse to områda er det opna for skadefelling av gås til og med 10. august.
Les også
Blir nedskiten av gås kvar sommar: - Stille før stormen
Les også
– Bestanden av grågås må reduserast

Skadefellingsvedtaket er godkjent, og det vil vera fleire jegerar som er aktive i dette tidsrommet.