– Eg hadde aldri førestilt meg at dette skulle skje meg
Vann den aller største premien.
– Eg har nesten ikkje sove i natt. Eg sovna i 01-tida, men så vakna eg att klokka 04, og etter det sov eg ingenting, fortel mannen til Norsk Tipping.
Dei snakka med han på morgonen dagen etter han fekk seg eit aldri så lite sjokk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mannen kjøpte seg eit digitalt Flax For Livet-lodd til 50 kroner. Då han hadde skrapa loddet, trudde han knapt sine eigne auge. Han skrapa seg fram til toppremien som er 20.000 kroner i månaden i 20 år framover, skriv Norsk Tipping på sine heimesider.
– Eg såg at det var ein stor gevinst og reiste meg opp og jubla i stova. Dette er berre heilt fantastisk.
– Eg kjøper nokre Flax-lodd innimellom, men eg hadde aldri førestilt meg at dette skulle skje meg.
Bjørnafjordingen seier at han skal bruke noko av gevinsten til å betala ned gjeld.
– Det er heilt vanvittig mykje pengar. Kanskje blir det også ein ny bil, og det kjem til å dryppa nokre kroner på borna mine, seier mannen.