Politiloggen for helga: Fleire promillekontrollar og ein fartssyndar på elsparkehjul
Promillekontrollar, ei trafikkulukke og for høg fart på elsparkesykkel er blant det politiet melder om etter helga.
I 08:30-tida fredag gjennomførte politiet ein promillekontroll på Halhjem ferjekai. 21 personar blei kontrollerte. Ingen utslag.
Klokka 12.25 same dag stansa politiet ein mann i 30-åra på elsparkesykkel som hadde større fart enn lovleg (25 km/t er høgste lovlege fart). Det blei oppretta sak og sparkesykkelen blei tatt i beslag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klokka 14.35 fredag tok politiet imot melding om ein båt som låg på Sandholmane og tok inn vatn. Politiet og brannvesenet samarbeidde om oppdraget. Politibåten kontrollerte den eldre snekka i 18-tida. Båten var halvvegs nedsøkkt, men ingen umiddelbar forureining. Sak blei oppretta.
Natt til laurdag, klokka 00.45, fekk politiet melding om høg musikk frå ein bustad i Lysefjorden. Politiet drog til staden og gav pålegg om å halda musikken avslått resten av natta.
I 08.40-tida laurdag morgon gjennomførte politiet ein promillekontroll på Halhjem ferjekai. 14 personar blei kontrollerte. Ingen utslag.
Trafikkuhell på Lepsøy
I 18.30-tida laurdag mottok politiet melding om eit trafikkuhell på Lepsøy mellom ein bil og ein motorsykkel. Tre personar var involverte. Samtlege framstod uskadde. Mest sannsynleg var det motorsykkelen som køyrde i bilen bakfrå. Det blei ikkje oppretta sak, men skademelding blei skriven på staden.
I 10-tida søndag vart det gjennomført ein promillekontroll i Os sentrum. 20 personar blei kontrollerte. Ingen utslag.
Litt seinare gjennomførte politiet ein promillekontroll på Halhjem ferjekai. Her vart 38 personar blei kontrollerte. Ingen utslag.
Klokka 10.55 kontrollerte politiet ein sjåfør på Halhjem ferjekai. Mann (25) blåste over lovleg verdi og blei køyrt til legevakta for blodprøve. Sak er oppretta.
Søndag ettermiddag fekk politiet melding om ein person og ein gut (8), som hadde gått seg vill i Hegglandsdalsfjellet. Etter kort stund fekk politiet melding om at personane hadde funnet rett sti og at dei klarte seg sjølve.
Artikkelen held fram under annonsen.