Reisebrev frå bygda som er større enn seg sjølv
Vi møtte ein tyskar, ein telemarking og tre lokale. Dei ville vera framtida - sjølve framtidas løysing. Denne skaparkrafta må vi ta vare på!
Eg hadde avtala å møta stortingsrepresentant Alfred Bjørlo på Kiwi Haugsneset, mest kjent for sin iver og kjærleik for det skapande bygdenorge. Litt før tida glei ein Hyundai Kona inn på parkeringsplassen med førre stortingsval sitt «Stem Alfred» på panseret. Den gjeninnmeldte og framovertenkande Venstre-medlemen Arild Heggland skulle også vera med.
Målet for turen: Bygda som er større enn seg sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre menn og dårlig kjønnsbalanse rulla inn på M/F Årdal. Skipperen hadde ikkje tid til å møta oss grunna pågåande revisjon. Vi byrja rolig, og drodla om at vi kanskje skulle lokka med oss Marie Bruarøy i ein allianse - sentrum og Høgre? Kunne Nils-Anders Nøttseter og Jakob Enerhaug støtta alliansen? Roger Hoel høyrer vel ikkje til den lyseblå delen av Høgre som ivrar for vårt miljøvern og karbonregnskap, men kva med resten?
Eller skulle vi tenkt som i Bergen, - Ap og V? Jaja, vi må først gjera eit brakval, så kjem endringane!
Første stopp er Hålandsdalen Montessoriskule. For kva skjer når det offentlige ikkje har pengar til å driva grendeskule? Då kjem initiativet fram. Ein privatskule - difor 15% mindre tilskot per elev og lite ekstra frå det offentlege til elevar med ekstra behov. Ein slik skule der lærarane brukar målarkosten på dugnad, elevane har hønsehus og eit skreddersydd løp tilpassa individet. Som skårar høgt på dei nasjonale prøvene og må konkurrere om elevar for sin eksistens. Som ikkje får straumstøtte. Her fann vi noko ekstra, eit engasjement, det var vakkert.
Om samfunnet klarer å støtta opp om initiativet, å få engasjementet til å blomstra. Då får vi meirverdi. Vi har eit montessoriinitiativ i Os også. Det må vi ta vare på.
Neste stopp er lengre inn i dalen, Eidestøa, hovudkontoret til Eide Fjordbruk. Ei mellomstor bedrift i laksenæringa. 15 tilsette i Hålandsdalen og mange fleire rundt om i bygdene i Vestland. Vi møtte ein tyskar, ein telemarking og tre lokale, ein av dei i familien som forvaltar bedrifta på tredje generasjonen.
Eide vil vera fremst - på framtida sine løysingar. Eg synest det var truverdig. Dette med miljøperspektivet og forståinga for at ein må endra seg, bli betre - på karbonreknskap, biomangfald og dyrevelferd. Og så treng verda mat.
I forliket om lakseskatt kjempa Venstre inn to punkt om miljøforbetringar i laksenæringa, i tillegg til å senka skatten til eit meir ansvarleg nivå. Om Eide Fjordbruk skal få til løysingar for framtida, må den komande miljøteknologiordninga levera på insentiv til desse endringane.
Det er ikkje alltid gigantane i næringa har mest fart. Ofte er endringskrafta større hos dei mindre. Og denne krafta må vi ta vare på - gjera det enklare å utvikla næringa vidare, gjera det enklare å ta kraftfulle miljøtiltak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hålandsdalen har initiativet. God distriktspolitikk handlar om å ta vare på det.
Endå lengre inn i dalen er det visst meir - fleire økologiske bønder, som Erik Halvorsen. Han leverer mat av topp kvalitet til restaurantane i regionen. Elska av systemet i landbruksdepartementet? Nei. Akkurat slike vi treng? Ja!
Bygda overpresterer. Det er så masse initiativ.
Involvert i mykje av det omtala, finn vi økologisk bonde og tredjekandidat for Bjørnafjorden Venstre, Olav Lønheim Tveitnes. Han får mi stemme - naturleg nok.
Kristian N. Harnes
Lokallagsleiar
5. kandidat
Bjørnafjorden Venstre
Artikkelen held fram under annonsen.