Det slo meg at dette måtte vera sløsing av midlar
Kan ein ikkje nytta verdiane på ein annan måte?
Eg sat ein dag på haugen over Eikelandsosen og såg på alle bussane som køyrde att og fram på gamle Fv 552.
Det slo meg at dette måtte vera sløsing av midlar, for det gjekk ein buss kvart 40. minutt i begge retningar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bussane var på langt nær fullsette, men var likevel i storleiken 45-55 passasjersete.
Kan ein ikkje nytta verdiane på ein annan måte?
Ta bort to eller fleire ruter og nytt pengane til meir lokaltrafikk mellom bygdene. Set t.d. opp to ruter frå Søre Fusa, to frå Nore Fusa og to frå Strandvik til Eikelandsosen, då med bussar som kan køyra oppom Fusa bu- og behandlingssenter (pårørande).
Då kan desse få høve til å nytta dei fasilitetane som ein har i Eikelandsosen.
Dessutan burde kommunen ha ein fast person frå administrasjonen som kunne gje svar på enkle ting, med kontorplass på Kommunetunet.
Den verste tida for distrikta, er den tida når skulane har fri.
Kjære politikarar, lag ein plan og vis denne til busselskapet.
Gudleik Østerbø
Artikkelen held fram under annonsen.
Eikelandsosen