Kontroll: Politiet hadde kontrollar både på sjøen og på land laurdag kveld.

Kontrollerte førarar på land og på sjøen

Politiet kontrollerte båtar i skjergarden laurdag.

Laurdag kveld kontrollerte politibåten ti båtar i skjergarden kring Os og Bjørnafjorden, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.

— Det blei skrive ut fire forenkla førelegg for manglande bruk av redningsvest, skriv Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utrykkingspolitiet, som fredag hadde kontroll i 80-sona ved Skogafjellstunnelen, var laurdag tilbake i kommunen. Denne gongen stilte dei seg opp litt lengre sør, i 70-sona.

— UP hadde kontroll på E39 i retning Halhjem i 70-sona laurdag kveld i 19-20-tida. Det resulterte i seks forenkla førelegg med høgaste fart måla til 85 km/t, i tillegg til eitt gebyr for ikkje å kunna visa fram gyldig førarkort. Totalt blei 39 førarar kontrollerte for ruskøyring. Ingen reaksjonar denne gongen, skriv Birkeland.