Sankthans-arrangementet er avlyst
– Det er første gong me har måtte avlysa, seier Ole Tobias Lindeberg.
Oseana-direktøren beklagar til alle som har gledd seg, men er klar på det er lite vits å invitera til sankthans-feiring utan bål.
– Me har vore i kontakt med Bjørnafjorden brann og redning. Dei er klare på at forbodet mot båltenning i naturen vil stå seg til fredag - minst. Dermed fann me det naturleg å avlysa arrangementet i Mobergsvikja, seier Lindeberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter planen skulle Os durspelsamskipnad spela og det skulle vera aktivitetar for born.
– De vurderte aldri å arrangera samankomsten utan bål?
– Nei, bål og grilling er jo hovudingrediensane i ei sankthans-feiring, slår han fast.
– Har de måtta avlysa grunna brannfare tidlegare?
– Nei, ikkje det eg kan hugsa.