Meldar bekrefta opne flammar i terrenget
Helikopter er på plass for å hjelpa med sløkkinga.
Brannvesenet fekk tysdag føremiddag melding frå turgåar om røyk i terrenget ved Yddalsvatnet.
Mannskap frå Bjørnafjorden har rykt ut til staden. Dei får bistand frå Kvam, og det er også rekvirert skogbrannhelikopter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det opplyser vakthavande i brannvesenet.
– Me jobbar med å koma oss fram til staden. Røykutviklinga kjem frå ganske langt oppe på fjellet, og veit lite om brannen per no, fortalde vakthavande på telefon like før kl 12.30.
Kl 12.45 opplyste brannvesenet på Twitter at meldar hadde nådd fram til brannstaden, og at vedkomande bekrefta opne flammar i terrenget.
– Meldar fortel at det brenn på tre forskjellige stader i terrenget, opplyste vakthavande på 110-sentralen til Os & Fusaposten.
Brannmannskapet er i ferd med å ta seg fram til staden, og hadde om lag ein time å gå.
Det skal ikkje vera bygningar i nærleiken av brannstaden.
Politiet er i området i lag med brannvesenet.
Vel kl 14 var skogbrannhelikopteret framme på staden.