— Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdera å innføra vatningsforbod
Vassforsyningssystema til kommunen greier ikkje å fylla alle basseng og vatna alle hagar samstundes.
Bjørnafjorden kommune melder på heimesida at det kan gå mot vatningsforbod.
— Om ikkje forbruket går ned, må vi vurdera å innføra vatningsforbod, seier einingsleiar for samferdsle og VA, Agnete Haugland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vassforbruket i kommunen er no så høgt at det er problem med å levera nok vatn.
— Vi oppmodar alle til å redusera hagevatning/bruk av vasspreiar og anna unødvendig vassbruk, seier einingsleiaren.
Vidare seier Haugland at det som det skulle oppstå ein brann, kan ein faktisk risikera å ha for lite vatn i høgdebassenga til å sløkkja brannen.
Haugland gjev følgjande råd til alle i heile Bjørnafjorden kommune som får vatn frå eit kommunalt vassverk:
* Ikkje bruk vatn unødvendig.
* Reduser bruk av spreiarar, og ikkje la hageslangen liggja å renna.
* Gå for gjenbruk av vatn: Bruk vatnet i plaskebassenget til å vatna planter og bed.