Har utfordringar: Ferja ligg i ro inntil vidare
Måndag kveld blei ferjesambandet Hatvik — Venjaneset innstilt.
Tysdag morgon er ikkje sambandet i drift. Årsaka er framleis tekniske problem.
Sambandet er innstilt inntil vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjå også:
Os & Fusaposten har ikkje lukkast å få kontakt med regionsleiar Tor Kristoffersen på telefon. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, var ikkje kjend med saka. Han fortel at han vil undersøkja kva som er årsaka.