Nore Neset Arena har fått hjartestartar
Etter opninga av nye Nore Neset Arena i september 2022, sakna idrettslaget ein hjartestartar som det er i mange slike arenaer.
Vibeke H. Haugland som er knyta til arrangementskomiteen saman med Monica Bu Hesthamar, kom med ein idé om å søkja sanitetsforeiningane i Os om støtte til ein hjartestartar. Sanitetsforeiningane er flinke til å støtta diverse lag og foreiningar.
Gleda var stor då Vibeke fekk svar at dette skulle alle sanitetsforeiningane i Os gå saman om å skaffa. Desse foreiningane er Søre Neset, Søre Øyane, Lysefjorden, Os og Nore Neset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nore Neset Folkepark har no til saman tre hjartestartarar, éin i Nore Neset Aktivitetshus, éin ved idrettsbygget ved kunstgrasbanane og éin i Nore Neset Arena.
Nore Neset Folkepark har stor aktivitet for barn og ungdom med blant anna handball- og fotballkampar med mange tilskodarar. I tillegg kjem ulike arrangement i området.
Tysdag 25. april vart hjartestartaren overrekt av representantar for Søre Neset, Lysekloster og Nore Neset sanitetsforeiningar.
Nore Neset Arena takker for den flotte hjertestartaren.