Fysisk konfrontasjon: Mann i 30-åra mistenkt
Politiet har oppretta sak.
Onsdag klokka 09.40 fekk politiet melding om ein fysisk konfrontasjon mellom bebuarar på ein institusjon i kommunen.
— Ein mann i 30-åra skal ha utøvd vald mot ein mann i 40-åra. Det er oppretta sak, og den mistenkte mannen fekk eit bortvisingspålegg, skriv politioverbetjent Christine Grindstein i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Funn av sykkelrammer
Kring klokka 12 onsdag fekk politiet melding om det som framstod som tjuveri av ein sykkel i Os sentrum.
— Det er funne to sykkelrammer som ber preg av å ha lagt ei stund, og som ein er usikker på om kan knytast til tjuveri. Om nokon saknar sykkelen sin i Os sentrum, kan politiet i Bjørnafjorden kontaktast, skriv Grindstein.