Vedtok eit forenkla førelegg på 9.700 kroner
Blei nesten 10.000 kroner fattigare etter å ha brukt mobilen under køyring.
Kring klokka 11.30 søndag, stoppa politipatruljen ein bil. Sjåføren skal ha brukt mobilen under køyring.
— Føraren vedtok eit forenkla førelegg på 9.700 kroner, og fekk samstundes tre prikkar på førarkortet, skriv politibetjent Sindre Hallem i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Patruljen trefte på bilen ved eit fotgjengarfelt i Os sentrum. Sjåføren er ein mann i 40-åra, opplyser Hallem.