Arresten: Mannen vart køyrt til arresten i Bergen. (Arkivfoto)

Trugande person i hage frakta i arresten

Den berusa mannen greidde ikkje ta vare på seg sjølv.

Klokka 21.41 laurdag kveld vart politiet kontakta om ein berusa mann i ein hage/veg utanfor Os sentrum.

Mannen i slutten av 30-åra greidde ikkje ta vare på seg sjølv. Han vart også oppfatta som trugande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framferda hans gjorde at politiet køyrde han til arresten i Bergen for overnatting.

Rusa sjåfør

Klokka 3 natt til søndag fekk politiet melding om ein bil med motorstopp i Mobergstunnelen.

Føraren, ein mann i 20-åra, blåste til over lovleg verdi i politiets alkometer.

Han hadde heller ikkje gyldig førarkort.

Mannen vart teken med til legevakta for blodprøve. Politiet har oppretta sak.