Vemodig å ta farvel, men gler seg til å starta i draumejobben
Aleksander Grener er klar for nye utfordringar, men vedgår at det blir trist å forlata jobben han har i dag.
Grener har vore avdelingsleiar for kantine og catering hos Asvo Bjørnafjorden i fire år.
– Jobben har gitt meg så mykje og det har vore fantastisk å få lov å jobba med så mange flotte og dyktige medarbeidarar desse fire åra, seier Grener.
Artikkelen held fram under annonsen.
No vert han bankett- og eventsjef for Grand Hotell Terminus - eitt av fem hotell som høyrer innunder hotellfamilien De Bergenske.
Terminus er eit historisk konferansehotell som har totalt 131 hotellrom og røter som strekkjer seg heilt tilbake til 1928.
– Det blir ein ny og spennande kvardag for meg, seier 41-åringen som tek til i jobben 1. juni.
– Det er noko med atmosfæren i hotellbransjen, og hotell-bygget er jo heilt praktfullt, legg han til.
Bygget vart freda av riksantikvaren i 2012 som eit framifrå døme på hotellarkitektur frå det 20. århundre.
Det sosiale betyr mykje
Sjølv om den nye jobben betyr både større ansvar og større arbeidsmengde, er ikkje Grener redd for å kasta seg ut i det.
– Det blir daglege events som skal organiserast, så det blir ikkje noko «vanleg» arbeidstid på meg. Eg skal ta del i folks viktigaste markeringar i livet, og eg ser fram til utfordringa med å tilpassa kvart enkelt arrangement best mogleg.
Han legg ikkje skjul på at den sosiale delen av jobben var noko som freista ekstra mykje.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg elskar å jobba med folk og treffa nye menneske. Det gjev meg mykje energi, seier han smilande.
Han synest også visjonane til hotelldirektør Kjetil Smørås er svært spennande.
– Smørås har ein veldig god plan for hotellet og drifta vidare. Me har same oppfatning om vegen vidare.
Hotellet var ferdig oppussa i 2019 etter heile 13 år med renovering.
Grener har ei fortid som hotellsjef for Klosterhagen Hotell i Bergen før han byrja som AFT-rettleiar hos Asvo i 2019.
Han har også jobba på Solstrand Hotel & Bad som ekstrahjelp når han har hatt høve til det.
– Eg pleier å kalla det «ein godt betalt hobby», seier han om jobben på Solstrand.
Takkar for tida i Asvo Bjørnafjorden
– Det har vore utruleg fint å følgja utviklinga til dei menneska eg har hatt gleda av å jobba saman med i Asvo Bjørnafjorden. Å få oppleva korleis menneska har utfordra seg sjølve i nye, ukjende situasjonar i arbeidslivet og sjå korleis dei har blomstra med oppgåvene, har vore noko av det kjekkaste med jobben, seier Grener.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den siste perioden har det meste handla om Kuli, kafeen i rådhuset.
– Det var politikarane og administrasjonen som «pusha» på og la til rette for at me fekk starta opp der. Me hadde vore på leit etter lokale ei god stund. Då me fekk moglegheita i rådhuset, kunna me ikkje seia nei.
– Kuli har vore eit eventyr frå dag éin. Vi fekk ein «flying start» og det har berre vakse. Det har vore stort å vera med og byggja opp Kuli, og det er godt å vita at drifta er i trygge hender vidare.