Tørrkoking: 110 Vest melder om tørrkoking i Eikelandsosen.

Tørrkoking i Eikelandsosen. Ein person skal ha pusta inn «noko røyk»

– Det lukta svidd mat, opplyser varabrannsjefen.

Ifølgje 110 Vest på Twitter vart tørrkokinga varsla klokka 08.17.

– Mannskapa er på staden enno. På grunn av alvorlegheitsgraden, og at det var så mykje røyk i leilegheita vart det sendt ut ei såkalla trippelvarsling, opplyser varabrannsjef Erik Walden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då brannvesenet kom fram til Leitet i Eikelandsosen var det mykje røyk og ifølgje varabrannsjefen ei typisk tørrkokingslukt.

– Det lukta svidd mat, fortel han.

Personen som bur i leilegheita var komen seg ut.

– Ambulansen er på staden, og tek seg av vedkomande. I tillegg held brannvesenet på å ventilera ut røyken, opplyser Walden.

Leitet: Hendinga skal ha funne stad i Leitet i Eikelandsosen.