Stoppa ni sjåførar i løpet av to timar
Onsdag var Utrykkingspolitiet (UP) nok ein gong på Halhjemsvegen for å gjennomføra laserkontroll.
Onsdag gjennomførte UP laserkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen. Dei stod oppstilt ved kontrollplassen som ligg rett ved Solbakken.
Dei måla fart frå klokka 13.00, og skal ha gitt seg to timar seinare. I løpet av denne tida blei det skrive ut ni forenkla førelegg, og høgaste fart var 87 km/t, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utrykkingspolitiet har vore svært synlege i området dei siste vekene. Her forklarer distriktsleiar i UP-Vest, Politiinspektør Terje Oksnes, kvifor.
Tysdag før påske blei det skrive ut heile 37 forenkla førelegg.
I forkant av denne kontrollen, var det også fleire tilfelle av «storfangst» i samband med laserkontroll i området.