Konfirmant: Her er dagens 'gjest' som konfirmant i mai 1982.

Konfirmanten: Denne karen kjøpte seg keyboard med rytmeboks

I miniserien Konfirmanten mimrar bjørnafjordingar om 'dagen dei vart vaksen'.

Namn: Christian Fredrik Fotland

Alder: 56

Artikkelen held fram under annonsen.

Yrke: Kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune

Bur: Wergeland i Bergen. Flyttar til Os i sommar

1. Når vart du konfirmert?

9. mai 1982

2. Kan du beskriva antrekket du hadde på deg?

Det var kvit bukse med blå blazer og raudt slips med rett kant. Blå mokasinar som matcha jakka. Mor hadde nok nokre aksjar i det antrekket. Skikkeleg 80-talet…

3. Kva brukte du konfepengane til?

Technics keyboard – med rytmemaskin og autokomp. Hadde i tillegg spart litt på førehand og brukte resten til å kjøpa vindsurfebrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. Kva var favorittmusikken din den gong?

Eg høyrde mykje på norsk musikk – Unit Five, Jahn Teigen og Åge Aleksandersen. Internasjonalt var det Police med Sting i spissen, og ikkje minst Kiss og Queen. Elles hadde eg sjølvsagt dobbeltalbumet «The Wall» med Pink Floyd frå 1979.

Les også
Konfirmanten: – Eg hadde kompleks for at eg ikkje kunne mekka og skru

5. Kven var du forelska i?

Hehe – eg er usikker på om ho veit det – så den held eg litt for meg sjølv. Elles var eg nok mest opptatt av fotball, musikk og kameratar på den tida.

6. Kven hadde du bilete av på veggen?

Engelsk fotball stod høgt i kurs. Favorittlaget var Queens Park Rangers. Stan Bowles var favoritten og midtbaneeleganten. Han var stor på 1976-utgåva til Queens Park. Elles hadde eg keeperbilete av Phil Parkes – Englands beste keeper på den tida. Eg var også lidenskapeleg oppteken av å køyra slalom og kjøpte det svenske skikøyringsbladet «Åke skidor». Der klipte eg ut spektakulære alpinbilete frå Alpane som eg han på veggen.

Les også
Konfirmanten: – Eg kjøpte eit polaroidkamera på Kolaas foto

7. Kva drøymde du om å bli?

Draumen om å bli lærar kom først nokre år seinare. Rundt konfirmanttida var nok draumen å jobba med musikk. Sjølvinnsikta hadde nådd meg på andre felt, så draumen om å bli profesjonell fotballspelar la eg frå meg då eg måtte slita benken på gutelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

8. Hadde du nokre tenåringskompleks?

Eg var nok ein glad gut også på den tida - med få bekymringar. Eg var aktiv og sosial. Eg kjende nok på at det var andre gutar i klassen som var meir populær enn meg, men utover nokre kviser i fjeset og panna, og at eg – utruleg nok – var litt tynn og hengslete, var ungdomstida heilt topp.