Trafikkontroll: Her frå ein tidlegare UP-kontroll på Halhjemsvegen.

Sparka i gang påskeferien med tre kontrollar på ein dag

Politiet stod i heile tre timar på Halhjemsvegen.

Klokka 10.40 fredag stilte UP og laseren seg opp ved E39 Svegatjørn. Resultatet vart 28 forenkla førelegg, der høgste fart var 102 km/t i 80-sona.

Deretter flytta dei seg til Halhjemsvegen og kontrollplassen ved Mobergslia. Frå kl. 13.20-19.30 vart det delt ut 12 forenkla førelegg. Her var høgste fart 86 km/t i 70-sona.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet avslutta fredagen klokka 23 med laserkontroll ved Lyseklostervegen/Sperrevikvegen. Her vart det delt ut fire forenkla førelegg. Høgste fart i 50-sona var 69 km/t.

I tillegg vart det teke 25 blåsetestar. Alle var negative.