Funn av båt: Ein stolen båt skal ha blitt funnen i nærleiken av Oseana torsdag.

Stolen båt funnen ved Oseana

Skal ha blitt meld stolen for nokre dagar sidan.

Tidleg torsdag blei det funnen ein båt fortøydd i nærleiken av Oseana. Båten var meldt stolen nokre dagar i førevegen, skriv politiet i ein e-post.

— Det var ingen personar å sjå i nærleiken av båten, som er no er komen att til eigaren, skriv politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå klokka 11.00 til 12.30 torsdag, var politiet på Kiwi Moberg for å koma i prat med innbyggjarane.

— Vi ønskte å snakka med folk og vera tilgjengelege. Det var god stemning og mange besøkjande, skriv Lekven Hallem.