Tenåring meldt for forsøk på køyring i ruspåverka tilstand
Stoppa bilførar tysdag føremiddag.
Tysdag kl11.20 kom politiet over ein bilførar i tenåra som framstod rusa.
– Vedkomande blei meldt for forsøk på køyring i ruspåverka tilstand og bruk og besittelse av mindre mengder narkotika, opplyser politioverbetjent Christine J. Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei sikra blodprøve av førar, og førarkortet blei beslaglagt.
– Førar samtykte ikkje til førarkortbeslag, fortel Grindstein.