Trafikkulukke i krysset til Stølsvegen
To bilar er involvert i ei trafikkulukke på Hatvikvegen ved innkøyringa til Stølsvegen.
Naudetatane er på staden etter eit trafikkuhell som involverer to bilar.
Det opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Begge bilførarane skal vera oppegåande. Utover det er skadeomfanget uvisst.
Ingen airbag skal ha blitt utløyst i hendinga.
Vår journalist på staden opplyser at helsepersonell ser til dei involverte. Det ser ikkje ut til å vera synlege skader på bilane.
Trafikken glir som normalt på Hatvikvegen. Bilistar kjem seg også greit ut og inn av Stølsvegen.