Ung kvinne hevda å samla inn pengar for å kunna adoptera
Politiet åtvarar.
Politioverbetjent Anne Lyssand opplyser at ein person onsdag kveld i 17.30-tida, melde frå til dei. Denne personen skal ha fått ei ung kvinne på døra.
— Kvinna sa at ho samla inn pengar for å kunna adoptera. Politiet bed innbyggjarane om ikkje å oppgje ID i slike tilfelle. Dette er mest sannsynleg eit forsøk på bedrageri, skriv Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire kontrollar onsdag
Onsdag gjennomførte Utrykkingspolitiet fleire kontrollar på Os-sida av Bjørnafjorden kommune. Det var promillekontroll onsdag ettermiddag, og “åtferdskontroll” på kvelden, med fokus på mobil- og beltebruk. Politiet fann ikkje noko å reagera på i desse kontrollane.
Torsdag morgon i 9-tida fekk politiet melding om køyretøystans i Lyshorntunnelen.
— Bilen står i ein havarilomme i Lyshorntunnelen. Bilbering er bestilt og bilen står trygt, skriv Lyssand.