Kø og manuell dirigering
No klokka 14 er det igjen manuell dirigering på Byvegen.
Det pågår manuell dirigering ved Jordmorsvingen på Byvegen i samband med asfaltering.
Asfalteringa er ein del av oppryddinga etter siste vekes vassleidningsbrot.
Artikkelen held fram under annonsen.
Du kan rekna med nokre minutts ventetid om du skal passera.
Os & Fusaposten har prøvd å få tak i teknisk vakt hos Bjørnafjorden kommune for å få svar på kor lenge arbeidet skal pågå, men har så langt ikkje fått svar.
Det står det heller ingenting om dette på heimesida til kommunen.