Regjeringa vil gi 2,5 milliardar kroner meir til sjukehusa
Regjeringa foreslår å gi 2,5 milliardar kroner meir enn planlagt til sjukehusa i år.
Dette kjem i tillegg til den varsla pris- og lønnsjusteringa av budsjettet, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet.
– Regjeringa har følgt driftssituasjonen ved sjukehusa tett etter at vi la fram budsjettet i haust, og ser at det vil vera vanskeleg å handtera utfordringane framover innanfor gjeldande budsjettrammer, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan gjera investeringar
Regjeringa vil leggja auken inn i revidert nasjonalbudsjett, som kjem i mai.
– Dette vil setja sjukehusa i betre stand til å prioritera psykisk helsevern og rask tilgang til helsehjelp. Med denne auken vil sjukehusa også kunna gjennomføra nødvendige investeringar i kompetanse, bygg, IKT og medisinsk utstyr, seier Kjerkol.
Ho viser til at helseføretaka den siste tida har måtta skyve på planlagde investeringar på grunn av økonomiske utfordringar.
Varsla strammare tider
Seinast i januar sa Kjerkol at sjukehusa får mindre å rutta med i 2023 og at dei måtte stramma inn.
– Eg vil be sjukehusa sjå på kva dei kan gjera mindre av, sa Kjerkol.
No ser det altså ut til at sjukehusa får litt romslegare økonomi i år.
Regjeringa har også gjort det klart at sjukehusa og andre offentlege verksemder kan rekna med å få budsjetta sine justert i takt med den ekstraordinære prisstiginga.
– Godt i gang med omstilling
Då statsbudsjettet vart utarbeidd, var prognosane for prisveksten i 2023 langt lågare enn han har vist seg å vera.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette vil også bli kompensert for i revidert nasjonalbudsjett.
– Sjukehusa er godt i gang med omstillingstiltak og økonomiske langtidsplanar. Eg vil be dei regionale helseføretaka vurdera korleis dei best mogleg kan ta omsyn til det varsla forslaget vårt i revidert nasjonalbudsjett om auka løyvingar i drift og planlegging, seier Kjerkol.