Trygg møteplass for unge: — Tiltaket er for alle, uavhengig av kjønnsidentitet, legning og religion
Første møte blir i februar.
Det er Bjørnafjorden Pride som står bak “Safe Place”. Frå februar av, vil det bli møte på Bjørnafjorden bibliotek éin fredag i månaden.
— Dette er i utgangspunktet eit tilbod for ungdom og unge vaksne i aldersgruppa 13-25 der alle er velkomne, opplyser Lina Kristine Tennefoss Vatshelle i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho skal sjølv vera blant dei frivillige rundt samlingane. Det er også fleire frå organisasjonen.
— Vi har også fått med oss nokre trygge, vaksenpersonar som legg til rette for dei som kjem og som er tilgjengelege dersom nokon skulle trenga noko, skriv Tennefoss Vatshelle.
— Bjørnafjorden Pride er arrangør, men dette tiltaket er for alle uavhengig av kjønnsidentitet, legning, religion og så vidare. Fokuset er på integrering og mangfald. Målet er å laga ein trygg møteplass der alle kan koma som dei er, og ha det bra.
Det første møtet vil gå av stabelen førstkomande fredag.