— Naturleg å sjå hærverka i samanheng
Fleire tilfelle av hærverk i Os sentrum vert no etterforska av Bjørnafjorden politistasjon.
Politiet har fått melding om fleire tilfelle av hærverk og vandalisme i Os sentrum den siste tida. Politiet ser hendingane i samanheng.
— Det har vore ein del på same tid. Då er det naturleg for oss å sjå på om det kan vera dei same som står bak mykje av det, seier Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både på Kyrkjetunet og på Brugården har det vore gjort skadeverk i løpet av dei siste dagane. I tillegg vart 20 bukettar frå Os Blomsterservice stolne, berre for å bli plukka frå kvarandre og spreidde rundt i Os sentrum.
— Har de spor i sakene?
— Me har nokre moglege spor som kan bringa oss nærare dei som står bak, ja, men eg vil ikkje gå inn på kva type spor, seier Anne Lyssand.
Nok eit tilfelle
Torsdag ettermiddag fekk Os & Fusaposten melding om nok eit tilfelle av hærverk i Os sentrum.
— Det er tagga på baldakinane like utanfor butikken. Isolert sett er det ikkje krise, men det bør kanskje sjåast i samanheng med alle dei andre tilfella av hærverk denne veka, seier Inger Lise Tvedt, innehavar av Vest profilering i Torggarden.
Ho melde frå til huseigaren torsdag.
— Dette er vel eigentleg ikkje huseigaren sine eigedelar. Eg vil vel heller tru det er kommunen. Men uansett bør me gjera noko med dette hærverket før det tek heilt av. Om ingen bryr seg, vil ikkje sentrum sjå ut til slutt, sukkar butikkeigaren.
Ho er rimeleg sikker på at tagginga må ha funne stad tysdag kveld eller natt til onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er naturleg å sjå det i samanheng med det som skjedde med blomane til Os blomsterservice. No håpar eg politiet får tak i dei som står bak, for slik som dette kan me ikkje ha det, seier Tvedt.