— Det skjedde i haust også. Denne gongen kontakta vi politiet
Inger-Johanne Haugland meiner at “Tunet” er eit populært hus, men dei er likevel ikkje fri for skadeverk og “pøbelstrekar”.
Politiet opplyste torsdag at dei hadde fått melding om skadeverk på ei glasdør på Os kyrkje.
Det viser seg at døra det gjeld, er å finna på Tunet Kyrkje- og Kultursenter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Haugland er tilsett som konsulent i Os sokn, og har jobba der sidan 2015. Ho fortel at det har vore få uønskte hendingar ved bygget i løpet av desse åra.
— Eg trur det kan ha å gjera med at dette er eit populært hus, og eit godt brukt bygg til mykje forskjellig. Alt frå åremålsdagar, dåp og konfirmasjonar til minnesamvær og møteverksemd, seier Haugland.
Bokstavar som forsvinn
Tidlegare har det forsvunne bokstavar frå eit stort skilt som er montert på bygget.
— Ved eitt tilfelle var det mange bokstavar som var borte. Då gjekk vi å leita kring her, og klarte å finna fleire bokstavar i buskane, seier Haugland og held fram:
— No kan du sjå at det manglar to bokstavar. Det er for lite å ta på forsikringa.
Skadeverk på glasdør
Denne gongen er det ei forsterka glasdør som har fått unngjelda.
— Det skjedde første gongen i haust. Då melde vi ikkje frå om det. Denne gongen kontakta vi politiet. Det kan sjå ut som at nokon har slått på glaset med knokejern eller noko slikt.
Det siste tilfellet skal ha funne stad i helga. Politiet har vore på staden og gjort åstadsundersøking.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Politiet bed publikum om å ta kontakt om ein har vore vitne til hendinga, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
I helga skal det også ha blitt utført skadeverk andre stader i sentrum. Eigaren av Brugården, Tom Lund, fekk melding om hærverk søndag kveld. Der er det nokon som har rive ned det store bank-skiltet.
Blomebutikken i sentrum har også opplevd hæreverk den siste i tida.