Kanskje skulle tilsette i kommunen og folkevalde teke seg ein tur til Baldersheim
Eg meiner dette må koma fram for om mogleg å få ei oppblomstring i bygda som me er så glade i.
Eg bur på Baldersheim og er ein av dei som følgjer med på utviklinga i den fine bygda me lever i.
Då eg las reportasjen i Os & Fusaposten fredag 27. januar, vart eg litt forundra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja, det er rett at me manglar tomter i bygda som unge kan kjøpa og etablera seg her.
For ca 10 år siden var det ein grunneigar som jobba fram ein reguleringsplan for nytt byggefelt i bygda. Dette var dei fleste i bygda positive til. Det var mange unge i etableringsfasen som teikna seg på liste for å kjøpa seg ei tomt, men det var vanskeleg å få klart svar på kostnad og tidspunkt tomtene var klare.
Når reguleringsplanen var godkjent, skulle nok grunneigar seld området til eit firma som stod for opparbeiding og sal av tomter, slik eg ser det. Å opparbeida eit slikt felt krev mykje ressursar og eigenkapital før ein får avkasting.
Det er ikkje tomter i området som er opparbeidde med veg, vatn, avløp og fiber. Her er nok avløpsbiten den som er mest kostbar.
Journalisten som skreiv saka skulle vore ein tur i området i lag med representantar frå kommunen. Eg undrar meg også over uttalene frå eigedomsmeklar som har eit slikt negativt syn på bygdenorge og at han får uttala seg om utvikling i bygdene våre.
Me bur i ei bygd som ligg flott til ope ut mot Bjørnafjorden med forholdsvis ny skule og butikk, og mange flotte hyttefolk som hjelper godt til med å halda butikken open.
Me har òg flotte og merka turområde i bygda. Det me håper på, er hjelp frå kommunen til å få realisert byggeklare tomter og industriområde i Too. Me er òg spente på kva som skjer i Steinavika og området der.
Kanskje skulle tilsette i kommunen og folkevalde teke seg ein tur til Baldersheim og hatt eit møte med folk og bygdeutval slik at bygda fekk lagt fram sitt syn på utviklinga i bygda, og Bjørnafjorden kommune fekk svara på spørsmål frå bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er vel ikkje alle som er einige i dette som eg har prøvd å leggja fram her, men eg meiner dette må koma fram for om mogleg å få ei oppblomstring i bygda som me er så glade i.