Stoppa: Ein mann i 50-åra skal ha brukt mobilen under køyring, noko som førte til at han blei stoppa av politiet.

Nekta for mobilbruk. Føraren ville heller ikkje visa fram førarkortet

Det opplyser politiet torsdag, og legg til at det er oppretta sak.

Politiet stansa eit køyretøy ved barnehagen i Hegglandsdalen onsdag formiddag.

— Føraren, ein mann i 50-åra, brukte mobilen under køyring, men erkjente ikkje dette. Han ønskte heller ikkje å visa fram førarkortet. Det er oppretta sak på begge forholda, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laserkontroll i Endelausmarka

Politiet var på plass i Endelausmarka onsdag kveld klokka 21 for å gjennomføra laserkontroll i 100-sona.

— Ingen reaksjonar, skriv Lyssand.

Vidare opplyser Lyssand om at patruljen tok seg ein tur til Ung Arena onsdag ettermiddag.

— Det sette dei om lag 65 ungdomane som var på staden, pris på.