Bed publikum ta kontakt etter hærverk på «Tunet»
Skal ha skjedd i helga.
Onsdag fekk politiet melding om skadeverk på ei forsterka glasdør på Tunet Kyrkje- og Kultursenter.
Skadeverket skal ha funne stad i perioden fredag til måndag, opplyser politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Politiet har vore på staden og gjort åstadsundersøking. Hendinga er meld. Politiet bed publikum om å ta kontakt om ein har vore vitne til hendinga, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.
Forsøk på innbrot
Klokka 04.50 torsdag kom det inn melding til politiet om eit forsøk på innbrot i ein bustad i området Kuven.
— Melder vakna av lyder utanfor. Han såg spor på garasjen etter mogleg brekkjern. Politiet har vore på staden, opplyser Lyssand i ein e-post.
Det blei først opplyst at det var snakk om skadeverk på Os kyrkje. Dette blei korrigert klokka 10.35.