Kompisar: Anders Sævareid (f.v.), Morten Bergesen og Ole drøymde om å bu «vegg i vegg», men no vert det truleg ikkje slik.

Vegen fram mot husbygging vart for lang. No tvilar to av tre på om dei vil flytta heim.

Barndomskompisane Anders, Morten og Ole kjøpte kvar si tomt i heimbygda. Seks år etter ligg tomtene framleis brakk.

— Hadde det gått litt fortare, hadde eg nok budd der no. Per i dag har eg har framleis lyst til å flytta, men realistisk sett så er det ikkje sikkert at det skjer, seier Anders Sævareid (31).

Han voks opp i Haugen byggjefelt i Sævareid ilag med veslebror Ole Sævareid (29) og nabo og kompis Morten Bergesen (26).

Artikkelen held fram under annonsen.

For seks-sju år sidan kjøpte dei kvar si tomt eit steinkast unna sine eigne foreldre. Målet var å flytta heim til bygda dei var så glade i, og kanskje gi eigne framtidige born den same oppveksten dei sjølv hadde hatt.

Les også
Hus- og tomtemangel: — Krinsen står i fare for å verta fråflytta og forgubba

Surt

Men prosessen fram mot bygging vart lang. Tomtene var utan infrastruktur som veg, vatn og avlaup. Og for å få lov til å byggja, måtte dei fyrst laga ein reguleringsplan, eventuelt få dispensasjon frå kommunestyret.

I 2019 vedtok Fusa kommunestyre ei løyving på 500.000 kroner til opparbeiding av infrastruktur. Pengane har dei aldri sett noko til.

— Vi såg jo litt lysare på det då det vart snakk om pengar frå kommunen. Det er litt rart at pengar berre kan bli forsvinna på denne måten. Klart det er surt for oss, seier Anders.

Os & Fusaposten kjem med eiga sak om løyvinga frå 2019.

Les også
Tilbakeblikk: Sjekk tomta Raymond fekk for 800.000 kroner

I dag har Ole (29) etablert seg med sambuar og to små born på Bjorøy i Øygarden.

— Ho er ikkje interessert i å flytta til Sævareid, så per no skjer det ikkje noko for min del, seier han.

Det betyr ikkje at han ikkje vil byggja på tomta si, men kanskje blir det ei hytte og ikkje eit hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om dei to brørne er i tvil om det blir flytting, vil dei likevel ikkje seia heilt sikkert at dei har gitt opp.

— Nei, men vi må vi sjå an korleis familiesituasjonen utviklar seg, forklarar Ole.

Gitt opp: Medan to av dei langt på veg har gitt opp flytteplanane, er Morten i midten framleis klar.
Les også
Tilflyttinga har ikkje stagnert fordi folk ikkje vil bu i bygdene våre

Dame-problematikk

— Kva med deg, Morten, vil du framleis flytta til Sævareid?

— Ja, sjølvsagt. Eg må berre få med meg Os-fruen, ler han.

I dag bur Morten (26) og sambuaren i Skeisstøa på Nore Neset. Dei har førebels ingen born.

— Det var kanskje lurt at vi ikkje bygde hus med ein gong. Då hadde vi vel slitt med å få oss damer, seier han og ler.

Litt alvor er det likevel i kommentaren, for det hadde vore mindre «å velja i» i heimbygda.

— Men så er det kanskje ikkje så beint fram å flytta til Sævareid når sambuaren også skal ha eit ord med i laget?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, det er noko der. Sambuaren min veit ikkje heilt om ho vil endå, så eg får håpa eg greier å overtala henne.