BT: Steinsprang i Bjørnafjorden
Skal vera mogleg å passera på vegen.
BT skriv laurdag ettermiddag om eit steinsprang på fylkesveg 48 ved Drageid.
– Det er ikkje store greiene. Ein kan fint passera. Det er folk på veg dit no for å rydda. Ikkje uvanleg at slikt kan skje på denne tida av åra. Når isen smeltar, kan det ta med seg stein, seier trafikkoperatør Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen til BT.