Etter meir enn eit døgn på rømmen, er Milli endeleg heime igjen
Eigaren rettar ei stor takk til alle som har hjelpt til med å leita.
Matmor Inga Martūzaitė er svært letta etter at halvt år gamle Milli i dag kom heim att.
Ho fortel at Milli vart funnen av ein familie som køyrde gjennom Hegglandsdalsveien i halv fire-tida. Dei såg den vesle hunden ved eit busstopp nær huset til Inga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Milli hadde med andre ord vore i nærleiken heilt sidan ho vart borte i sju-tida fredag morgon.
Sidan Os & Fusaposten skreiv om vofsen i går, er saka blitt delt meir enn 250 gonger. Matmor Inga kjem med fylgjande helsing til slutt:
— Tusen takk til alle som har lest og delt innlegget om Milli i avisa eller på «Os kjøp,salg og bytte». Takk til «Rømlingen» og tusen hjarteleg takk til Ane Bøthun Leganger og hennar venninne for hjelp med å finna Milli.