Svært glatt: Éin sklei av vegen og éin hamna på sida
To trafikkulukker på eit kvarter.
Onsdag kveld klokka 20.45 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Ulven.
— Politiet på staden fekk beskjed om at føraren hadde sklidd av vegen i om lag 40 km/t. Sjåføren, ei ung kvinne, hadde med ein passasjer. Ingen av dei blei skadde og det er ikkje oppretta sak, opplyser vakthavande i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny trafikkulukke
Det skulle ikkje gå lang tid før politiet fekk ei ny, liknande melding. Klokka 21 skal det ha skjedd nok ei trafikkulukke på Ulven. Denne gongen kvelva bilen.
— Ein bil hadde kvelva på glatta. Bilen låg på sida i køyrebanen. Føraren, ein mann i 50-åra, var uskadd. Bilberging blei kontakta. Politiet dirigerte trafikk på staden til bilberinga var omme, opplyser politiet.
Arbeidstilsynet blei varsla
Onsdag formiddag var det nok eit trafikkuhell. Ei lita gravemaskin fall ned frå ein lastebil og trefte panseret på eit parkert køyretøy, skriv Lyssand.
— Førar av lastebilen, var ein mann i slutten av 30-åra. Arbeidstilsynet blei varsla. Det er oppretta sak, skriv vakthavande.
Mogleg ulukke
Det var altså fleire trafikkuhell i kommunen onsdag. Kring klokka 16, kom det inn melding om eit mogleg trafikkuhell. Denne gongen i Strøno. Det viste seg å vera eit hjul som hadde losna frå eit køyretøy.
— Køyretøyet stod i vegen. Eit hjul var mista og bergingsbil var på veg. Politiet var på staden. Det er ikkje oppretta sak, opplyser politiet.