Skogafjellstunnelen opna igjen etter uhell
Eit uhell tysdag morgon skapte trafikale utfordringar. No er tunnelen open att.
Det opplyser politiet på Twitter tysdag morgon.
Uhellet skjedde ved innkøyringa til Skogafjellstunnelen i retning mot Bergen, like over kl 08.30. Trafikken gjekk forbi i eitt felt, opplyste politiet, som var på staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
I ein periode var tunnelen heilt stengd.
Det skal ha vore snakk om ein påkøyrsel bakfrå.
No er tunnelen open att.