Samarbeider om innsamling. Håpar næringslivet tek godt i mot elevane
Hadde kick off på skulen onsdag.
Onsdag hadde Hans Bjørn Bakketeig og Fusa vidaregåande skule kick off for årets Moldova-aksjon.
– Bakketeig viste med stort engasjement kva arbeidet I care Norway gjer i Moldova, fortel sosialrådgjevar ved skulen, Kristine Hjartnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
I september hadde skulen eit samarbeidsmøte med Bakketeig, Os gymnas og Os videregåande skule. Målet var å skapa eit tett samarbeid rundt Moldova-aksjonen.
13. januar har Os vidaregåande og Fusa vidaregåande sine årlege Moldova-dagar, der elevane jobbar for å samla inn pengar til aksjonen. Os gymnas hadde sin aksjon 19. desember.
– Me håpar at næringslivet tek godt i mot elevane som ønskjer å jobba for å samla inn pengar til aksjonen. Me oppfordrar også andre som ønskjer å hjelpa synshemma i Moldova, til å bidra, seier Hjartnes.