Negativ påverknad: – Det er klart at grunnrenteskatten vil ha negativ påverknad på teknologiutvikling, meiner Sondre Eide.

iLaks: - Eide Fjordbruk ønskjer fritak frå grunnrenteskatt for lukka anlegg

Dagleg leiar, Sondre Eide, seier til iLaks at grunnrenteskatten kjem til å gå ut over utviklinga for heile bransjen.

– Det er klart at grunnrenteskatten vil ha negativ påverknad på teknologiutvikling, som for eksempel lukka anlegg i sjø, seier Eide til nettstaden.

Ifølgje iLaks vil Eide Fjordbruk, som har to utviklingsløyve for lukka anlegg i sjø, senda eit særskilt høyringsinnspel om fritak for grunnrenteskatt for lukka anlegg i sjø, på lik linje med landbasert oppdrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eide seier til nettstaden at miljøavtrykket frå lukka anlegg i sjø vil bli mindre enn frå landbaserte anlegg, og at det då er urimelieg at lukka sjøanlegg skal ileggjast grunnrente, medan landanlegg er unntatt.