– Auken i talet på drepne på MC er urovekkjande
I fjor omkom 21 MC-førarar på norske vegar. Ikkje sidan 2016 har talet vore så høgt. I alt mista 118 personar livet på norske vegar i 2022.
I fjor omkom 118 personar i trafikken i Noreg, ein auke på 38 personar samanlikna med året før.
– 2022 har vore eit tragisk år for trafikantane, meiner Trygg Trafikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
21 av dei omkomne var MC-førarar, noko som er seks fleire enn året før og det høgaste talet sidan 2016. For månadene med høgsesong, frå mai til august, utgjer omkomne på motorsykkel 25 prosent av alle drepne i trafikken.
– Auken i talet på drepne på MC er urovekkjande, og fagmiljøa gjer mykje for å finne tiltak som kan motverke denne utviklinga. Motorsykkel er eit krevjande køyretøy som krev høg kompetanse og regelmessig trening av førarane, seier Jan Johansen, direktør i Trygg Trafikk.
I fjor var det også betydeleg fleire som omkom på sykkel samanlikna med tidlegare år. Det er særleg fem omkomne på elsparkesykkel og to på elsykkel som slår ut på statistikken.
Elleve dødsulykker med vanleg sykkel er dobbelt så mykje som dei tre tidlegare åra.